Diskursteori for barn og fulle folk (2022)

kr379,00

Obs! Boka kjem frå trykkeriet ca. 1. februar 2022.

Jordfar Arne Fjørtoft elskar kona si, Hulda, han har ein meiningsfull jobb, og tre konkurransedyktige avkom. På fritida er han del av eit større fellesskap som omreisande fotballsupporter. Det irriterer han derfor grenselaust at alle stadig prøver å endre han. Både på jobb og på heimebane møter Arne unge menneske som er besette av å konkurrere og effektivisere, og som ser på han som ein trussel mot omdømmet til familien og fødeavdelinga. Arne nektar å tilpasse seg. Han går til krig mot alt som gjer livet meir likegyldig, stressande og einsamt enn det treng å vere, og med seg på laget får han etter kvart ein energisk gjeng i festhumør.

Kategori:

Beskrivelse

Men eg må jo få vite konkret kva eg gjer gale, sa eg. Eg trudde eg gjorde jobben min meir enn godt nok.
Ho nikka, lente seg framover og peikte på meg.
Fagleg er du heilt på topp, sa ho. Du må berre jobbe litt med kommunikasjonen. Og du, no må du ikkje ta dette som ei åtvaring, sant. Eg prøver berre å coache deg litt. Vi skal etablere ein prestasjonskultur i gangane her, veit du.