Om muntergang.no

Opplysningskontoret for lett, vittig og urein litteratur

Muntergang.no er nettsida til forfattar Atle Berge. Målet med sida er å selge bøkene mine, spesielt dei som ellers er vanskeleg å få tak i andre stader. Eg vil også løfte fram den litterære tradisjonen eg set aller mest pris på: Dei lette, vittige og ureine bøkene. Som alle andre opplysningskontor, har Opplysningskontoret for lett, vittig og urein litteratur altså ein tydeleg agenda.

Eg vil også nemne at eg jobbar 50 % for Norsk Forfattersentrum. Arbeidsgivaren min har ingenting med muntergang.no å gjere, men det er no alltid greitt å vite kor folk ein les tekstane til får lønna si frå.

Kva eg meiner med lett, vittig og urein litteratur, kan du lese meir om her.

Oversikt over bøkene mine finn du her. Kva oppdrag eg tar, finn du i Forfatterkatalogen til Forfattersentrum.

Ved sida av å skrive bøker og jobbe for Forfattersentrum, er eg omreisande Brann-supporter. Den delen av livet mitt kan du lese meir om på branndagboka.no.

Kontaktbehov?

Send meg gjerne ein epost her!