Vekkinga av Henrik Ibsen

Posted by Atle Berge on 3. februar 2022 in Lett, vittig og urein litteratur

Eg føler at eg må skrive noko om denne romanen: Mordet på Henrik Ibsen av Erlend O. Nødtvedt, gitt ut på Aschehoug forlag hausten 2021. Nei, eg kan ikkje påstå at eg har ein forfattarblogg om lett, vittig og urein litteratur utan å ha sagt noko om denne romanen. For Mordet på Ibsen er alt dette – lett, vittig og urein –, og ikkje berre det, den er lett, vittig og urein litteratur på sitt beste. I Mordet på Henrik Ibsen utnyttar Erlend O. Nødtvedt at teksten er ein tekst, mixar tid og språknivå, det som er fakta (i og utanfor boka) med det som er fiktivt (i og utanfor boka). Ved å la forfattaren i boka med samme navn som forfatteren av boka fabulere om eit kommande meisterverk, teaterstykket Mordet på Henrik Ibsen, fyrar Nødtvedt og Nødtvedt både seg sjølv og lesaren opp.

Den Nationale Scene må gjerne sette opp stykket forfattaren i boka drøymer om å lage, men det er ikkje tvingande nødvendig. For berre ved å lese romanen Mordet på Henrik Ibsen, føler i alle fall eg at eg allereie har sett stykket – ja, alt saman ser du så levdande for deg medan den beigeistra forfattaren i boka, skisserer opp forteljinga om den unge Henrik Ibsen i Bergen, hans fiendar og støttespelarar. Eg ser regnmaskina sprute vatn over scena, scenearbeidaren som står og sprayer Axe over publikum, den gotiske powerpointen.

Forteljaren smittar altså lesaren med energien sin. Gjennom toskete oppførsel, spesielt i brev og fysiske møte med teatersjef Stefan Larsson som han vil overtale til å sette opp stykket sitt, skapar han også eit inntrykk av at ting ikkje er så farlege, inspirerer lesaren til å klinke til og tryne også i sitt eige liv. Han får også til det lærebøkene på ungdomskulen med sin stiliserte, kinnskjeggete geni-Ibsen aldri klarte: Å få meg til å verkeleg forstå at Henrik Ibsen ein gong var eit levande menneske. Ja, romanen gjer rett og slett det motsette av det tittelen seier: Dette er ikkje mordet på Henrik Ibsen, det er vekkinga av Henrik Ibsen.