
I ei tid då bokmeldarane hyllar storverk som Min Kamp, vil eg servere ein liten ode til dei små bøkene.
Dette innlegget vart først publisert på magasinett.no i 2013.
Dei fleste favorittbøkene mine, er nemleg små bøker. Fysisk, men også når det kjem til ambisjonar. Det vil seie: Ambisjonsløysa er nok ofte berre tilsynelatande. Bak den ubetydelege forteljinga og den lette stilen som ofte kjenneteiknar «dei små bøkene», ligg ein bodskap til dei som prøver å lage kunstverk som skal handle om alt: De er dømde til å mislukkast.
Dei små bøkene seier: Ingen kan skrive om alt, og dessutan er det latterleg å prøve å vere «ein stor forfattar» som skal bli hugsa for alltid. Dei seier: Ein eller annan gong blir du uansett gløymt, om du så er Dante Alighieri.
Denne bodskapen kjem ofte til uttrykk ved at dei som skriv små bøker, dersom dei skulle kome i skade for å skrive noko «godt» – ei skjønn skildring til dømes, eller ein viktig refleksjon – fleipar det bort etterpå. For nokre lesarar øydelegg dette boka; dei små bøkene blir ofte avvist som fjas. Andre opplever dobbel leseglede: Først den skjønne skildringa eller den intellektuelt stimulerande refleksjonen, i neste omgang «ikkje ta det eg skriv for seriøst»-vitsen.
Når det gjeld fysikken – kvifor bøkene til favorittforfattarane mine ofte er svært korte – er nok svaret i mange tilfelle at desse forfattarane har ein tendens til å vere late. Dei som kjenner forlagsbransjen veit dessutan at ein får omtrent like mykje betalt for å skrive korte bøker som lange. Med andre ord er det berre folk utan økonomisk sans som skriv lange bøker.
Det må også nemnast at fleire av desse ikkje namngitte forfattarane av små bøker, i mange tilfelle har vore for opptatt med å helle i seg diverse flytande substansar og spele på hest, til å kunne bruke tid på noko så unyttig som å skrive tjukke og gjennomarbeida bøker. Denne innstillinga heng sjølvsagt saman med tankesettet som ofte er uttrykt mellom linjene i dei små bøkene; dei promoterer livsnyting her og no, framfor å streve mot klapp på skuldra av ein eventuell gud, og i staden for å streve mot kjendisstatus etter døden, latterleggjer dei små bøkene prestasjons- og kjendiskulturen som går ut på at mange skal mislukkast og nokre få stå att som dei store vinnarane.
Ein tekst som dette, burde vere full av døme og sitat, men eg vil gjerne ha favorittbøkene mine for meg sjølv. Likevel håpar eg at du kjenner att ei lita bok neste gong du les ei, og at du nødvendigvis ikkje kategoriserer boka som dårleg, men heller godtar at du har å gjere med ei lita bok som tilsynelatande ikkje handlar om så mykje meir enn til dømes ein mann som skal be om høgare lønn, ei mor som seier stygge ting til sonen sin, eller abborfiske.
Kanskje kan vi også innstille jakta på Den Store Norske Innvandrarromanen, og heller ønske oss mange små? Eg er i alle fall glad for at det gjennom litteraturhistoria, parallelt med alle dei store bøkene, har vorte skrive små bøker. Bøker eg tilfeldig kan snuble over på eit antikvariat, lese om på ein lite besøkt bokblogg, eller finne på biblioteket fordi eit forlag har gitt boka ut på nytt. Vi treng ikkje ei bok om alt, vi treng mange om mykje forskjellig.
Er du ikkje overtydd, og likevel går rundt og drøymer om å skrive den eine store romanen, skriv i alle fall ei tynn bok. Skulle du vere den første som skriv ein tekst som verkeleg handlar om ALT, bør ho få plass i innerlomma slik at alle til ei kvar tid kan ha boka med seg.