Den litterære tradisjonen eg kallar lett, vittig og urein, består av forfattarar som frå antikken og fram til i dag har skrive bøker som ikkje passar inn blant dei tunge, alvorlege og konsistente bøkene i kanon. Det vil seie: På enkelte punkt i historia har den lette, vittige og ureine sidevegen kryssa den litterære autobahnen. Laurence Sterne skreiv for eksempel lett, vittig og urein litteratur, men er likevel kanonisert. Les du dei aller mest opphøgde forfattarane, for eksempel William Shakespeare og Thomas Mann, vil du dessutan oppdage at dei skriv påfallande lett og vittig!

Lett
Lett betyr ikkje nøvendigvis lettlest. Nei, med «lett» meiner eg at tekstane behandlar alt som er tungt i livet på ein lett måte. I den lette litteraturen tar forfattarane med andre ord høgde for at ein tekst er ein tekst, og utnyttar handlingsrommet denne innsikta gir. Om noko er sannsynleg, er ikkje så viktig. Det som er viktig, er at historia seier noko om korleis det er å vere menneske i ei verd som er full av motstand.
Eit eksempel frå verdslitteraturen, er Gregor Samsa som vaknar ein morgon og oppdagar at han er forvandla til eit innsekt. Den lette litteraturen gir gjerne ein god faen i dei fysiske lovene på denne måten, og byr oftare på flate, men fascinerande karakterar, enn djupe psykologiske portrett.
Filosofen Ludwig Wittgenstein samanliknar ein stad i skriftene sine tenking med sømjing. Det enklaste og lettaste er å halde seg på overflata og plaska rundt der. Skal ein makta å dykka ned til botnen trengst det eit ekstra krafttak. På same måten er det med tenking og erkjenning, meiner Wittgenstein. For eigen del er det fristande å føye til at den som blir for lenge nede på botnen ikkje berre vil komma til botnar i sakene. Han vil også, etter kort tid, omkomma ved drukning.
– W. R. L. i Fyr og flamme av Kjartan Fløgstad.
Ein lett tekst kan altså godt handle om tunge emner, men lever ikkje ut ein depresjon over 500 sider dersom det er mogleg å oppsummere tungsinnet til hovudpersonen i éi vittig setning. Når den lette litteraturen er på sitt beste, skapar avstanden mellom den lette stilen, og motstanden karakterane møter, ein svært verdifull ironi som gjer det mogleg for lesaren å sjå hovudpersonen, og forhåpentlegvis også sitt eige liv, utanfrå. Ja, ved å underdrive og bagatalisere dei store spørsmåla, gjer den lette litteraturen dei store spørsmåla handterlege.
Den lette litteraturen har også ein tendens til å bryte med «show, don’t tell!»-instruksen. Forfattarane lar då karakterane eller forteljarstemma avsløre seg gjennom å fortelje alt som ifølge det hegemoniske «show, don’t tell»-dogmet eigentleg skal stå «mellom linjene».
Alt dette gjer den lette litteraturen til eit glimrande utgangspunkt for eksistensielle og politiske spekulasjonar, og ikkje minst, latterleggjering av alt som er unødvendig tungt og alvorleg i samfunnet.
Lett favoritt: Brás Cubas’ posthume memoarer av Machado de Assis.
Vittig
Eg trur aldri eg har ledd høgt av ei bok, men eg er alltid på leit etter tekstar som får meg i godt humør, for eksempel ved å sjå menneska og alt vi styrer på med i eit større perspektiv, og slik, gjennom vittige kommentarar eller scener, minner oss om at det vi tar på største alvor ikkje nødvendigvis er så viktig.
I dei vittige bøkene er humoren med andre ord eit livssyn, ikkje eit verkemiddel.
Vittig favoritt: Zazie på metroen av Raymond Queneau.
Urein
Ein forfattar som skriv ureine bøker, varierer stil og forteljarperspektiv frå bok til bok, kapittel til kapittel. Innhaldet i tekstane får alltid konsekvensar for uttrykket, enten ved at forma står i skarp kontrast til det som blir fortalt, eller motsatt: Ved at forma til ei kvar tid skiftar og blir tilpassa det som blir fortalt. Mellom linjene er dei ureine bøkene dermed eit spark i ræva til alle som måtte tru at eitt språk (t.d. featurejournalistikk eller psykologisk realisme) kan formidle all menneskeleg erfaring.
Urein favoritt: Drømmefakultetet av Sara Stridsberg.

Essay om lett, vittig og urein litteratur
Vil du lese meir om den lette, vittige og ureine litteraturhistoria, vil eg anbefale Kjartan Fløgstad si oppsummering av den menippeiske tradisjonen i Loven vest for Pecos. Italo Calvino har også skrive eit lesverdig essay om det lette i kunsten i Amerikanske forelesninger.